Hopp til innhald

Yang Wei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yang Wei


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 8. februar 1980 (44 år)
Xiantao
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Asialeikene 1998, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, Turn under Sommer-OL 2008 – Mangekamp menn, Turn under Sommer-OL 2008 – Ringer menn

Yang Wei (fødd 8. februar 1980) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Xiantao som vart verdsmeister i 2006 og 2007 og olympisk meister i 2008.

Wei deltok i dei olympiske leikane i 2000, 2004 og 2008. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vart han andremann i mangekampen, russaren Aleksej Nemov vart olympiameister. Fire år seinare enda Yang på sjuandeplassen i mangekampen, før han i 2008 på kinesisk heimegrunn vart olympisk meister. Både i Sydney i 2000 og i Beijing i 2008 var Wei med om å vinne gull for Kina i lagkampen. Ved leikane i Beijing sikra han seg også ein sølvmedalje i ringar.

Yang Wei under Sommar-OL 2008

Wei vart verdsmeister i turning i Århus i 2006 og i Stuttgart året etter. Med Kinas landslag fekk han VM-gull i 1999, 2003, 2006 og 2007. Dessutan har han vunne VM-gull i skranke i 2006. I 2003 kom Wei på andreplass i mangekamp under verdsmeisterskapen i Anaheim. Til medaljesamlinga høyrer to VM-bronsar i enkeltapparat, den eine frå 1999 i svingstang og den andre frå 2003 i hopp.

  • «Yang Wei» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. mars 2023. 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy