Hopp til innhald

Vaskesetel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein vaskesetel, frå tysk Waschzettel, er bokstavleg ei liste som følgjer klede som blir sende på vaskeri.

Nemninga vert i dag helst nytta i ei overførd tyding om førehandsomtale av bøker, trykt på baksida av omslaget til boka som vert omtalt. Det er forlaget som skriv denne omtalen, gjerne med eit stutt referat av handlinga i boka, slik at interesserte lesarar skal få lyst til å lese vidare. Vaskesetelen plar òg presentere forfattaren og noko av det han har publisert tidlegare.

Omgrepet kan òg brukast om tilsvarande førehandsomtale som forlaget sender til bokhandlar og aviser som ledd i marknadsføringa av ei ny bok, anten teksten er trykt i ei brosjyre eller er lagd ut på forlaget sine nettsider. Omgrepet vart første gong bruka i denne tydinga i 1873[1].

Tilsvarande kan omgrepet vaskesetel òg brukast om filmomtalar, anten dei er trykte på baksida av filmomslaget eller er sende ut til utleige- og salsstader.

  1. «Vaskeseddel» på Kunnskapsforlagets Store Norske leksikon 1981, ISBN 82-573-0036-5
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy