Hopp til innhald

Rullebrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stor fart og høge hopp på rullebrett i særskilde tillaga baner.
Ein rullebrettkøyrar.

Rullebrett, skeitebrett eller skateboard er eit smalt, avlangt brett med to par små hjul, nytta til å stå på i fart for å kome seg fram eller gjere ulike triks og hopp. Farta får rullebrettkøyraren ved å stå på brettet med eine foten og sparke frå med den andre, eller å køyre utfor bakkar av ulike slag. Det finst òg eigne baner for rullebrettkøyring, og det vert halde konkurransar, mellom anna noregsmeisterskap.

Kjende kommunale innandørshallar for rullebrettkøyring finst i Bergen (Fysak ved Slettebakken haldeplass på Bybanen), i Drammen (Nøstedhallen på vegen mot Svelvik), i Bærum (Arena på Bekkestua) og i Oslo (Oslo Skatehall, Stavangergata 28 på Voldsløkka). Store friluftsanlegg finst på Månejordet i Larvik, på Koigen i Hamar, rett attmed jarnbanestasjonen i Gjøvik og Dyveke bru i Gamlebyen i Oslo. Frå 2016 er det òg ein innandørshall i eit tidlegare hamneskur, Skur 13, på Filipstad i Oslo. Elles finst det mange større og mindre anlegg og innandørsbaner fleire stader ikring i landet.

Forbodet i Noreg mot rullebrett

[endre | endre wikiteksten]

Det var totalforbod mot rullebrett i Noreg frå 7. september 1978 til 9. mai 1989. Forbodet var grunna i dei farane for å verte skada som rullebrettkøyrarar utsette seg for. I desse åra var Noreg det einaste landet i verda som hadde forbod mot å selje, kjøpe eller stå på rullebrett. Men det har synt seg at det ikkje er fleire alvorlege skader ved bruk av rullebrett enn det er i dei fleste andre idrettar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy