Hopp til innhald

PlayStation 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
PlayStation 2

Venstre: Den opphavlege utgåva
av PlayStation 2.
Høgre: «Slimline»-utgåva av PlayStation 2
og handkontroll.
ProdusentSony
ProduktfamiliePlayStation
TypeSpelkonsoll
Generasjon6.
Lansering2000
Einingar seldeMeir enn 150 millionar[1]
MediumCD, DVD
CPU«Emotion Engine»
294.912 MHz (lansering),
299 MHz (nyare modellar)
LagringPS2 memory card (8 MB),
PS memory card (128 KB),
40 GB Hard Drive (tillegg)
Minne32 MB RDRAM,
4 MB eDRAM
Grafikk«Graphics Synthesizer»
147.456 MHz
Mestseljande spelGTA: San Andreas
(17,33 millionar)
ForgjengarPlayStation
EtterfølgjarPlayStation 3

PlayStation 2, offisielt forkorta til PS2, er ein spelkonsoll utvikla av Sony. Han er oppfølgjaren til PlayStation og forgjengaren til Playstation 3 (som blei lansert i november 2006). Utviklinga av maskina blei offentleggjort i mars 1999, og blei først lansert i Japan 4. mars 2000, i Nord-Amerika 26. oktober 2000 og i Europa 24. november 2000.

PS2 er den raskast seljande konsollen i historia, med over 150 millionar selde einingar i januar 2011[2]; maskina slo dermed PlayStation med tre år og ni månadar. PlayStation 2 selde òg meir enn sine konkurrentar, Xbox, Xbox 360 og GameCube, i Nord-Amerika og Japan.

Utviklinga av PlayStation 2 blei først annonsert i mars 1999, men var ikkje utgjeve før 2000. Kunngjeringa var nok til å bremse drivkrafta for Sega Dreamcast sin nordamerikanske lansering, til tross for at Dreamcast hadde eit forsprang i denne generasjonen.[3][4] Rett etter utgivinga, var det vanskeleg å finne PS2 einingar på forhandlarens hyller[5] grunna produksjonsforsinkingar.[6] Eit anna alternativ var å kjøpe konsollen direktekopla gjennom auksjonsnettstader som eBay, der folk betalte over tusen dollar for ein PS2.[6] PS2 selte i utgangspunktet godt delvis på grunnlag av styrken på PlayStation-merkevara. Ein dag etter lanseringa hadde konsollen selt over 980.000 einingar i Japan.[6] Dette gav PS2 løyve til å tappe det store installasjons utgangspunktet oppretta av PlayStation - eit anna viktig salsargument framfor konkurrentane.

Sjølv om Sega kunngjorde avviklinga av Dreamcast i mars 2001, ville PS2 møte konkurransen frå nyare konkurrentar; Microsofts Xbox og Nintendo GameCube.

Mange analytikarar spådde ein tett tre-vegs ”matchup” mellom dei tre konsollane; Xbox hadde den mektigaste maskinvara, medan GameCube var den billegaste konsollen og Nintendo endra prinsippa sine for å oppmuntre tredjepartsutviklarar. Så medan PlayStation 2 teoretisk sett hadde dei svakaste spesifikasjonane av desse tre, hadde han eit forsprang grunna av sin installerte basis og sterk utviklar engasjement.[7]

Sony imøtegjekk Xboxen mellom anna ved å midlertidig sikre PlayStation 2 eksklusivt for etterlengta spel som Grand Theft Auto-serien og Metal Gear Solid 2:. Sons of Liberty.[8]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. [1]
  2. [2]
  3. [3]
  4. "PlayStation 2 Timeline". GameSpy. side 3.
  5. "PlayStation 2 Timeline". GameSpy.
  6. 6,0 6,1 6,2 arkivkopi, arkivert frå originalen 11. oktober 2007, henta 11. oktober 2007 
  7. [4]
  8. http://money.cnn.com/2002/05/14/technology/ps2_pricecuts/ Morris, Chris (May 14, 2002). "Sony slashes PlayStation prices: Preemptive move undercuts competition and could spark video game price war". CNN.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy