Oppsal Idrettsforening
Oppsal Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Oppsal i Oslo. Idrettslaget vart stifta 1. august 1940 og er aktivt med i basketball, cricket, fotball, friidrett, handball, ishockey, orientering, skiidrett (nordisk). Oppsal IF sine lag spelar i blå trøyer og bukser og kvite strømper.
Oppsal IF er særleg kjend for sine handballag for karar og kvinner. Karalaget var Noregs beste handballag gjennom 1970-åra, kvinnelaget markerte seg fyrst nokre tiår seinare og har ikkje same pokalsamlinga som mennene. Oppsal IF vart seriemeister i 1971, 1972, 1973, 1975, 1976 og 1979.
Skihopparen Espen Bredesen og orienteringsløparen Tore Sagvolden er Oppsals meste kjende tidlegare utøvarar. På friidrettbana hevda sprintaren Odd Erik Kristiansen og melommdistanseløparen Morten Jurs seg i noregstoppen gjennom fleire sesongar i 1980-åra.
Av handballspelarar var det særleg Pål Bye, Kristen Grislingås, Anders (Allan) Gjerde, Geir Røse og Roger Hverven som var dei fremste i 1970-åra, seinare fekk Jan Wangen mange landskampar for Noreg. Beste kvinnelege spelarane som har aksla Oppsal-drakta er Anne Kjersti Suvdal, Vilde Ingstad, Malin Aune og Amanda Kurtović.
Fotball
[endre | endre wikiteksten]A-laget i fotball spelar i 3. divisjon avdeling 2 (2020).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oppsal IF» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2019.