Hopp til innhald

Kinesisk renminbi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinesisk 2-renminbisetel

Renminbi er valutaen i Kina. Valutakoden for renminbi er CNY.

Sjølve grunneininga av renminbi er yuan, som vert delt opp i 10 jiao. Dette blir så delt opp i 100 fen. Den største eininga er 100 yuan og den minste er 1 fen.

Renminbi vart sett i omlaup like før den kommunistiske overtakinga i 1949. Ein av de første oppgåvene til det nye styret var å få slutt på hyperinflasjonen som hadde plaga Kina sidan slutten av Kuomintangperioden.

Under åra med planøkonomi vart vekslingskursen på renminbi sett til eit urealistisk høgt nivå i høve til vestlege land sine valuta, og strenge vekslingslover vart sett i verk. Renminbi blir av mange framleis rekna som sterkt overkursa den dag i dag. Hovudgrunnen til dette er at det ikkje er ein fri marknad som fastsett kursen. Kursen kan i dag variere innanfor eit smalt band vekta mot ei korg andre valutaer. Dersom ein ser på kjøpekrafta til dei ulike valutaene - såkalla Purchasing Power Parity (PPP) vil mange kome til eit motsett standpunkt. Ein av dei mest særeigne måtane å måle PPP er gjennom den såkalla «Big Mac-indeksen» som måler prisen på ein hamburger i ulike land. Denne indeksen viser at Renminbi er kraftig underkursa samanlikna med amerikanske dollar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy