Hopp til innhald

Guleskjeret naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Guleskjeret naturreservat er eit naturreservat (fuglereservat) i Gulen kommune i Vestland. Formålet med fredinga er å bevara hekkande sjøfugl i øygarden i Sognesjøen. Arealet er på berre 20 dekar, der 2 daa er landareal og 18 daa sjøareal.

Regjeringa vedtok i 1993 Verneplan for sjøfugl som anviste 57 fuglereservat på i alt 11 km² langs kysten av Sogn og Fjordane.[1] Planen er basert på dei første verneforslaga frå 1977, vidare Stortingsmelding nr 68 (1980-81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verna eit representativt naturutval i Noreg, og første høyringsforslag om sjøfuglvern i Sogn og Fjordane frå 1984. Det blei i tida 1977–88 halde synfaring og utreidd 350 sjøfugllokalitetar i fylket. Forarbeidet i delplanen til fylket blei sendt ut på høyring i 1991 som Verneplan for sjøfugl – delplan 5 Sogn og Fjordane.[2] Hovudmålet er å verna hekkeplassane i fylket, med mål om å sikra hekkeplassar for halve bestanden av dei mest vanlege sjøfuglane, og heile bestanden av dei mest sjeldne hekkefuglane i fylket.

I Gulen kommune fekk Lihellene naturreservat og Kvernøyna naturreservat andreprioritet, mens de øvrige tre sjøfuglreservata fekk tredjeprioritet som vernelokalitetar.[3]

Reglar for reservatet

[endre | endre wikiteksten]
  • Det må ikkje bli sett i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet.
  • Det er forbode å ferdast i området eller forstyrre fugl i hekkeperioden.
  • Det er våpen- og jaktforbod og bandtvang, og utsetting av vilt er forbode.
  • Ferdsel, camping, og oppankring nærare enn 50 meter er forbode.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Sogn og Fjordane - Sjøfuglreservat Arkivert 2011-08-27 ved Wayback Machine. – Miljøstatus.
  2. Verneplan for sjøfugl – delplan 5 Sogn og Fjordane[daud lenkje] – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991.
  3. Verneplan for sjøfugl – delplan 5 Sogn og Fjordane[daud lenkje] - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991, side 52.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy