Hopp til innhald

Elektrisk konduktivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektrisk konduktivitet eller elektrisk leiingsevne er eit mål for evna eit stoff har til å leie elektrisitet. Målet for elektrisk konduktivitet er siemens per meter (S/m), oppkalla etter den tyske ingeniøren Werner von Siemens, grunnleggjaren av bedrifta Siemens AG. Elektrisk konduktivitet er det motsette av elektrisk resistivitet, målt i eininga ohm-meter (Ω⋅m). Dermed er siemens (S) gitt ved 1/Ω. Sidan Ω er lik kg·m2s-3A-2 er S/m lik A2s3m-3kg-1. I praksis vert elektrisk konduktivitet ofte gjeve i S/cm eller mS/cm.

Mål på vasskvalitet

[endre | endre wikiteksten]

Elektrisitet består av elektron som går gjennom eit stoff. Særskilte bindingar, som metallbinding, i eit stoff gjer at det lettare leier elektrisitet. Ion løyst opp i vatn fører også til høgare elektrisk konduktivitet. Såleis kan ein måla mengda av ion, som kalsium, magnesium, jern og liknande løyst opp i vatn. Dette gjev eit brukbart mål for vasskvalitet. Destillert vatn bør ha lågare elektrisk konduktivitet enn 0,3 mS/cm, medan grunnvatn blir rekna som reint om det har mindre enn 500 mS/cm. Vatn med verdiar opp til 2000 mS/cm kan nyttast til kunstig vatning.


pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy