Hopp til innhald

Den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878

Plevnamonumentet nær murane til Kitai-gorod i Moskva.
Dato 1877-1878
Stad Balkan og Kaukasus
Resultat Betinga russisk siger
Endringar i landområde Berlinkongressen
Partar
Det russiske riket 1858-1883 Det russiske keisardømet
Romania Romania
Serbia
Bulgaria
Montenegro
Tyrkia Det osmanske riket


Den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878 hadde sitt opphav i Russland sitt mål om å få tilgang til Middelhavet og erobre Balkanhalvøya frå Det osmanske riket. Bulgararane og serbarane, som ikkje lenger var underlagt det tyrkiske styret mot slutten av krigen, ser på denne krigen som den andre byrjinga på sjølvstende deira.

Denne krigen gav òg Kongedømet Romania sjans til å få fullt sjølvstende. Sjølv om dei, i motsetnad til dei andre balkanlanda, ikkje hadde vore ein del av Det osmanske riket, var dei likevel framleis offisielt under osmansk suverenitet. Derfor vert krigen i rumenske historiebøker omtalt som den rumenske sjølvstendekrigen.

Under krigen gjekk dei vestlege stormaktene inn på den osmanske sida, sidan dei ikkje ville at Russland skulle få større makt. I lag lykkast dei å avgrense den russiske framgangen, men krigen resulterte i langvarig uro på Balkan. Fredsavtalen vart underskriven i San Stefano 3. mars 1878, og Det osmanske riket godkjende Romania, Bulgaria, Serbia og Montenegro sitt sjølvstende.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy