Hopp til innhald

Chioma Ajunwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chioma Ajunwa
Statsborgarskap Nigeria
Fødd 25. desember 1970 (53 år)
Idrett friidrett, sprintløp, fotball
Tok del i Sommar-OL 1996

Chioma Ajunwa (fødd 25. desember 1970) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Nigeria som i 1996 vart olympisk meister i lengdehopp. Ho vart dermed den fyrste frå Nigeria som vann ei olympisk gullmedalje for landet sitt.

Ajunwa var med i Nigerias tropp til Fotball-VM 1991, utan å få spele. Seinare same året vann ho lengdehopp-tevlinga i Afrika-leikane i Kairo i Egypt. Året etter vart ho hekta i ein dopingkontroll og stengd ute frå idrett i 4 år.

Under dei olympiske sommarleikane 1996 i Atlanta i USA tok Ajunwa leiinga i den fyrste finaleomgangen i lengdehopp. Med sitt livs lengste hopp på 7,12 meter vann ho gullmedaljen med god margin. Ho vart den dermed den fyrste svarte afrikanske kvinna som vart olympisk meister. I friidretts-VM 1997 hoppa Ajunwa lengst i kvalfiseringa med sine 7,01 m. I finalen skada ho seg i det fyrste hoppet og braut tevlinga.

I 1992 testa Ajunwa posititv på anabole steroidar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy