Hopp til innhald

Brun dverg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein brun dverg er ei lyssvak stjerne på mindre enn 0,1 solmassar (ca 13-70 gonger massen til planeten Jupiter).

Gravitasjonen til ein brun dverg er for liten til å starte kjernefusjon av hydrogen som større stjerner har. Dette forklarar den låge lysstyrken. Brune dvergar høyrer til hovudserien.

Den første brune dvergen, Gliese 229B, vart stadfesta så seint som 1995. Han er estimert til å ha ein masse 20-50 gonger større enn Jupiter og består delvis av metan, slik som gasskjempane i solsystemet. Gliese 229B blir derfor òg kategorisert som ein metandverg.

Eigentleg er brune dvergar raude, ikkje brune. Dei blir likevel kalla brune på grunn av at omgrepet raud dverg var oppteke da denne stjernetypen vart oppdaga.

Ein nyoppdaga variant er sub-brown dwarfs, som blir skildra som frie objekt i område der stjerner blir fødd, og som av ein eller anna grunn ikkje krinsar om noka sol. Desse «underbrune dvergane» har masser nokre gonger massen til Jupiter.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy