Hopp til innhald

Basilika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruinen av Maxentiusbasilikaen frå 300-talet (i Roma)
Basilika San Piero a Grado i Pisa
Interiør frå Santa Sabina i Roma

Basilika er den arkitektoniske nemninga på kyrkjebygg av halltypen, førebiletet til alle kristne kyrkjebygg.

Den fyrste kristne basilikaen vart bygt på 300-talet i Roma. Tre av dei fire patriarkalkyrkjene i Roma; Peterskyrkja, Laterankyrkja (den eldste, bygt 314-318)[1]) samt San Paolo fuori le Mura høyrde til kristendomens fyrste basilikaer, samtlege innvigde på 320-talet.

Arkitektur

[endre | endre wikiteksten]

Det arkitektoniske førebilete for basilikaen var det romerske forvaltningsbygget, med si oppdeling i midtskip med klerestorium og med sideskip skilt frå midtskipet av kolonnader. Heilt inn på 1800-talet var det idelet for det kristne rommet.

Basilikaens lsngsmale rom vert avrunda med eit halvsirkelforma utbygg, absid, som i gotikken motsvarast av koret. På ein ekte basilika reiser midtskipet seg over sideskipa slik at vindaugsopningar vert i romma mellom midtskip og sideskip.

Basilika i kanonisk meining

[endre | endre wikiteksten]

Basilika er også ein kyrkjerettsleg term. Han vert nytta om kyrkjebygg som av historiske eller andre grunnar har ein særskild status i den katolske verda.[2] Dei kyrkjene er vanlegvis unnatekne frå den ordinære kyrkjelege jurisdiksjonen.

Særlege viktige er dei fire hovudbasilikaene (basilicae maiores) i Roma: Laterankyrkja, Peterskyrkja, San Paolo fuori le Mura og Santa Maria Maggiore. Andre kjende basilikaer i kanonisk meining er til dømes Basilica di San Francesco d'Assisi i Assisi og basilikaen Sacré-Cœur i Paris.

  1. Tarald, Rasmussen: Kristendomen- En historisk introduktion, Artos, 2007, s. 185. ISBN 978-91-7580-336-4. 
  2. "basilika".[daud lenkje] NE.se. Läst 5 februari 2013.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy