Aust-Antarktis
Utsjånad
70°S 80°E / 70°S 80°E Aust-Antarktis er den delen av Antarktis som ligg aust for Den transantarktiske fjellkjeda. Både den magnetiske og den geografiske Sørpolen ligg i Aust-Antarktis.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Aust-Antarktis utgjer om lag to tredelar av det antarktiske kontinentet. Den geografiske yttergrensa til området strekkjer seg frå Rosshavet til Weddellhavet, og nesten heile Aust-Antarktis ligg på den austlege halvkula. Størstedelen av Aust-Antarktis er dekt av isbrear og innlandsis, men det finst også isfrie fjellområde og oasar.
Område
[endre | endre wikiteksten]Aust-Antarktis kan delast inn i desse områda:
- Coats Land
- Dronning Maud Land
- Enderby Land
- Kemp Land
- Mac. Robertson Land
- Princess Elizabeth Land
- Wilhelm II Land
- Queen Mary Land
- Wilkes Land
- Adélie Land
- George V Land
- Oates Land
- Victoria Land
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Øst-Antarktis» frå Wikipedia på bokmål, den 19. februar 2017.