Delta II
Delta II er ein rakett som opphavleg vart konstruert og bygd av McDonnell Douglas og har vore i bruk sidan 1989. Produksjonen vart seinare overteken av Boeing Integrated Defense Systems, ein Boeing-divisjon, fram til ansvaret for rakettproduksjonen vart lagt til United Launch Alliance i 2006. ULA markedsføyrer Delta II-raketten for kundar frå dei amerikanske føderale styresmaktene, medan Boeing markesføyrer raketten for kommersielle kundar.
Historie
Opphavleg var det meininga at amerikanske rakettar skulle fasast ut for det amerikanske romferjeprogrammet, men då romferja Challenger eksploderte i 1986, gjenopptok ein Delta-programmet. Den første oppskytinga med ein Delta II rakett var den 14. februar 1989 og hadde ein GPS-satelitt ombord. Pr. august 2009 er 137 rakettar av typen Delta II skoten opp, med diverse nyttelast som til dømes kommunikasjonssatelittar, GPS-satelittar ,militære satelittar i tilleg til ei rekkje romsonder for NASA.