Content-Length: 64097 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Oppkuven

Oppkuven – Wikipedia Hopp til innhald

Oppkuven

Koordinatar: 60°5′25.865″N 10°31′10.027″E / 60.09051806°N 10.51945194°E / 60.09051806; 10.51945194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om fjellet i Ringerike. For fjellet i Antarktis, sjå Oppkuven i Dronning Maud Land.

60°5′25.865″N 10°31′10.027″E / 60.09051806°N 10.51945194°E / 60.09051806; 10.51945194 Oppkuven (704 moh.) er ein kolle som ligg aust for Gyrihaugen og LauvliaKrokskogen i Nordmarka, i Ringerike kommune. Oppkuven er den høgaste toppen på Krokskogen, og ein av dei høgaste i heile marka. Oppkuven høyrer til Oppkuven-Smeddalen naturreservat. For å komme til Oppkuven er det best å gå frå Heggelia. For å kunne komme til Heggelia kan ein gå eller sykle frå Damtjern eller gå eller gå på ski frå Lauvlia. Frå Oppkuven er det god utsikt der du kan sjå over heile Nordmarka, Oslo, Norefjell og Ringkollen.

På Oppkuven finn ein eit av Noregs eldste grantre, Gamla på Oppkuven. Det vart undersøkt i 2003 og vart då estimert til å vere 458 år gamalt.[1]









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Oppkuven

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy