Content-Length: 147521 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Nase

Nase – Wikipedia Hopp til innhald

Nase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nase

Andedrettsystemet i hovudet. Illustrasjon: Patrick J. Lynch.
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD009666

Nase eller nos er eit organ som dannar inngangen til luftvegane. Nasen saman med nasegangane er i utgangspunktet eit kombinert puste- og lukteorgan i luftvegssystemet, men hos nokre artar kan den også ha andre funksjonar. Det beste eksempelet er elefantar. Hos desse vert nasen kalla elefantsnabel og er eit kombinert, puste-, lukte- og gripeorgan. Hos kvalar vert nasen kalla blåsehol og er eit reint pusteorgan. I dyreverda vert nasen også ofte kalla snute eller nebb.

Nase hjå mennesket

[endre | endre wikiteksten]

Skjelettet i nasen består av fleire bein som dannar golv, tak, sidevegger og midtskiljevegg. Framparten av skiljeveggen består av brusk. Veggen deler nasehola i to halvdelar. Desse er høge, uregelmessige og tronge spalter som strekkjer seg frå nasebora til nasetraktene, choanae, som munnar i nase- svelg-rommet. Frå sideveggane i nasehola spring det fram tre tynne beinplater, nasemuslingane, conchae nasales. Beinplatene, som er kledd av slimhud, deler kvar nasehalvdel i tre «etasjar», nedre, midtre og øvre nasegang. Slimhuda i nasen har flimmerhår og er rik på kjertlar og årar. Ho er særs ømtolig, og ved irritasjon aukar utkiljinga frå kjertlane og ein nys. Eit nett av vener i slimhuda på nedre nasemusling blir lett skada og det oppstår nasebløding.

Luktesansen er knytt til eit lite parti av epitelet øvst i nasehola. Fleire biholer heng saman med nasehola. Betennelse i nasen kan fortsetje inn i biholene (biholebetennelse, sinusitt).

Elefantsnabel

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nase
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Nase

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy