County Leitrim
County Leitrim | |||
Contae Liatroma | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Carrick-on-Shannon | ||
Areal | 1 588 km² | ||
Folketal | 28 837 (2006) | ||
Folketettleik | 18 / km² | ||
Provins | Connacht | ||
Bilnummer | LM | ||
County Leitrim 54°07′00″N 8°00′00″W / 54.116666666667°N 8°W | |||
Kart som viser County Leitrim.
| |||
Wikimedia Commons: County Leitrim | |||
Nettstad: www.leitrimcoco.ie |
County Leitrim (irsk Contae Liatroma) er eit grevskap i Republikken Irland nordvest på Irland i provinsen Connacht. Namnet kjem frå liath druim, som tyder grå åsrygg.
Grevskapet er av dei tynnast folkesette i Republikken Irland. Av kystgrevskapA har det òg den kortaste kystlinja, berre omkring 3 km med strand ved Bundoran. Administrasjonsbyen er Carrick-on-Shannon, ein liten by med berre 2 237 innbyggjarar (2002). Grevskapet fekk sitt første lyskryss i 2003, då eit slikt vart sett opp i Carrick-on-Shannon.
County Leitrim grensar til Donegal Bay og Donegal i nord, Fermanagh i Nord-Irland og Cavan i aust, Longford og Roscommon i sør og Sligo i vest.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I keltisk tid utgjorde Leitrim den vestlege halvdelen av kongedømet Bréifne. Regionen var lenge underlagt O'Rourke-familien frå Dromahair og den heraldiske løva deira er framleis med i våpenet til grevskapet. Leitrim var nært knytt til den austlege delen av Breifne, i dag i Cavan.
På 1200-talet kom normannarane og tok det sørlege Breifne. Dei heldt området fram til dei irske landeigarane vart tvungne i eksil i 1620.
Grevskapet Leitrim vart oppretta av Sir John Perrott i 1565. Omkring 1583 definerte han grensene slik dei er i dag.
Fram til 1600-talet skal det ha vore fem store skoger i Leitrim. Desse områda er no dekte av myr. Då trea forsvann var det ikkje lenger noko som kunne halde på vatnet, og mykje av jordbruksområda er svært våte. Lokale bønder seier at jorda «ikkje vert seld i hektar, men i gallons». Dermed er kveg og poteter dei einaste landbruksprodukta som er egna i Leitrim, og potetnøden råka derfor området særs hardt. Det skulle ta 60 år før folkesetnaden byrja å vokse igjen etter hungersnøden.
Byar og landsbyar i Leitrim
[endre | endre wikiteksten]- Banger
- Ballinamore
- Buckode
- Carrigallen
- Carrick on Shannon
- Dromahair
- Drumshanbo
- Drumkeeran
- Dromod
- Fenagh
- Glenfarne
- Gorvagh
- Kiltyclogher
- Kinlough
- Keshcarrigan
- Largydonnell
- Manorhamilton
- Mohill
- Rossinver
- Tullaghan
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County Leitrim» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.