Trøym

tettstad i Hemsedal

Trøym, også kjend som Hemsedal, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hemsedal kommune i Buskerud. Tettstaden ligg ved elva Hemsil som renn gjennom Hemsedalen, ein sidedal til Hallingdalen, og har 969 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden har namn etter garden Trøym.

Trøym
Hemsedal
tettstad
Hemsedal kyrkje på Trøym
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Hemsedal
Areal 1,01 km²
Folketal 969  (2023)
Folketettleik 959 / km²
Postnummer 3560 HEMSEDAL
Innbyggjarnamn hemsedøl
Preposisjon Trøym
Kart
Trøym
60°51′47″N 8°33′12″E / 60.86293°N 8.55337°E / 60.86293; 8.55337
Wikimedia Commons: Hemsedal (village)

Trøym har daglegvarebutikkar, apotek, fleire hotell, idrettsanlegg og barne- og ungdomsskule. Tettstaden har stor turisttrafikk.[1] Hemsedal kyrkje frå 1882 står på austsida av tettstaden og er tilgjengeleg frå riksveg 52.

Samferdsel

endre

Riksveg 52 passerer Trøym på nordsida av elva. Vegen går mellom krysset til riksveg 7 ved Gol og krysset til europaveg 16 nær Borlaug i Sogn og Fjordane.

Bilete frå Trøym

endre

Kjelder

endre
  1. «Hemsedal – tettsted». Store norske leksikon. 26. februar 2017. Henta 24. april 2018. 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy