Content-Length: 84833 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Den_gule_flekken

Den gule flekken – Wikipedia Hopp til innhald

Den gule flekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oftalmogram med den gule flekken som ein mørk flekk til venstre i bildet. Den blinde flekken er til venstre der blodårene går saman.

Den gule flekken (medisinsk latin macula lutea) er ein del av menneskeauget som er særleg viktig for fargesynet og for evna til å sjå små detaljar. Flekken er danna av ei lita oval grop i netthinna ved den bakre polen av auget. Han er svakt gulfarga, den horisontale diameteren er rundt 2 mm hjå vaksne menneske.

Sanseepitelet her inneheld berre tettsitjande tappar. Når ein ser direkte på noko, vil lysstrålene frå dette falla på midten av den gule flekken, fovea centralis, der synet er skarpast.

Skade på den gule flekken kan føra til stor forringing av synet. Eldre menneske kan tidvis oppleva endringar i den gule flekken, macula-degenerasjon, som kan medføra at lesesynet går tapt.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Den_gule_flekken

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy