Content-Length: 75994 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Podrinje

Podrinje – Wikipedia Hopp til innhald

Podrinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brua over Drina i Višegrad (rundt 1890)

Podrinje (serbisk Подриње) er namnet på tilsigsområdet til Drina i Serbia (Sentral-Serbia) og Bosnia-Hercegovina (hovudsakleg Republika Srpska).

Drina-området var det politiske senteret for fyrstedømet Serbia under Časlav Klonimirović frå Huset Vlastimirović på 900-talet.

Mellom 1918 og 1922 var Podrinje eit distrikt med sete i Šabac som høyrte til Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar. Mellom 1922 og 1929 eksisterte Podrinje oblast i om lag same området med sete i Šabac. I 1929 var området ein del av provinsen Drina Banovina i Kongedømet Jugoslavia med hovudstad i Sarajevo. Drina Banovina inkluderte vestlege delar av dagens Serbia og austlege delar av dagens Bosnia-Hercegovina. Etter den andre verdskrigen, då aksemaktene okkuperte området, vart provinsen avskaffa og området vart delt mellom Den sjølvstendige staten Kroatia og Serbia.

I 1941 frigjorde jugolaviske partisanar store område frå tyskarane i Serbia. I dette området erklærte dei republikken Užice (Uzička Republika) med Užice som senter. Republikken vart kortvarig og tyskarane gjenerobra området like etter.

I dag heiter ein av kantonane i Bosnia-Hercegovina Bosnian Podrinje kanton.

Byar i Podrinje

[endre | endre wikiteksten]
Drinadalen mot Bajina Bašta

Bosnia-Hercegovina:

Serbia (Sentral-Serbia):









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Podrinje

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy