Content-Length: 139249 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Obwalden

Obwalden – Wikipedia Hopp til innhald

Obwalden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Obwalden
Obwald, Obvaldo, Sursilvania
kanton
Symbol
Forkorting: OW
Land  Sveits
Del av Sentral-Sveits
Hovudstad Sarnen
Høgaste punkt Titlis
 •  høgd 3 238 moh.
Areal 490,58 km²
Folketal 37 841 (31. desember 2018)[1]
Språk tysk
Kart
Obwalden
46°52′00″N 8°02′00″E / 46.866666666667°N 8.0333333333333°E / 46.866666666667; 8.0333333333333
Kart som viser Obwalden.
Kart som viser Obwalden.
Kart som viser Obwalden.
Wikimedia Commons: Canton of Obwalden

Obwalden er ein kanton i Sveits. Han består av to delar, då ein del av kantonen Nidwalden ligg mellom kommunen Engelberg i Obwalden og resten av kantonen Obwalden. Kantonen har eit totalt areal på 491 km², og hadde 38 000 innbyggarar i 2018. Sarnen er hovudstad i kantonen.

Obwalden ligg om lag midt i Sveits, sør for Vierwaldstättersjøen. Obwalden er, saman med Nidwalden, dei einaste kantonane som berre grensar til kantonar som ikkje har grense til eit anna land. Kantonen grensar mot sør til Bern, mot vest og nordvest til Luzern og mot vest til Nidwalden og Uri. Kantonen har etter Appenzell Innerrhoden færrast innbyggarar. Kantonen har fem store vatn; Sarnensee, Lungerersee, Melchsee, Tannensee og Wichelsee. Høgste fjelltoppen er Titlis, 3 238 meter over havet, som høyrer til Uri-Alpane. Størstedelen av kantonen er del av dei sentralsveitsiske foralpane. Lågastliggande punktet er Vierwaldstättersjøen på 434 moh.

Omtrent 80 % av innbyggarane er tilslutta den romersk-katolske kyrkja, medan 8 % er protestantar.

Kantonen Obwalden består av sju kommunar; Alpnach, Engelberg, Giswil, Kerns, Lungern, Sarnen og Sachseln. Engelberg ligg som ein enklave aust for Nidwalden og resten av Obwalden.

Obwalden og Niwalden utgjer saman Unterwalden, som var ein av dei tre kantonane som i 1291 danna dei sveitsiske eidsforbundet. Før 1999 vart Obwalden og Nidwalden rekna for halvkantonar, kvar av dei hadde ei halv røyst i det sveitsiske stenderrådet. Ordninga med halvkanton vart fjerna frå Sveits si grunnlov i 1999, og Obwalden har no ei røyst i stenderrådet. Dei fleste andre kantonane har to røyster.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Obwalden








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Obwalden

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy