Content-Length: 94833 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Xenofobi

Xenofobi – Wikipedia Hopp til innhald

Xenofobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Xenofobi (av gresk ξένος (xenos), «framand» og φόβος (phobos), «frykt»), eller framandfrykt, er nemninga på angst for alt som er framand, utanlandsk eller annleis enn det kjende.

Xenofobi blir ofte brukt for å skildre ei frykt eller eit framandhat mot det ukjende. Visse former for rasisme kan ha utspring i framandfrykt. Denne frykta botnar ut i at elementa – menneske, stader og skikkar - innehar ukjende verdiar som ein har vanskeleg for å forhalde seg til. I så måte kan kjønnsdiskriminering ikkje naudsynleg reknast som framandfrykt i ein generell forstand, sjølv om einskildmenneske kan ha reaksjonar overfor den andre gruppa utover kva det som er forventa av kjenslemessige eller institusjonaliserte reaksjonar.









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Xenofobi

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy