Content-Length: 69384 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Indusium

Indusium – Wikipedia Hopp til innhald

Indusium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indusium (òg kalla feixianguanium) er den første alderen i tidleg trias. Han strekkjer seg frå mellom 251 ± 0,4 millionar år sidan og 249,7 ± 0,7 millionar år sidan. Alderen startar med perm-trias-utryddinga som enda permtida. Det globale biologiske mangfaldet var lågt gjennom heile denne alderen. Mykje av verda var livlaus, dekt av ørkenar, varm og tørr. Lystrosauridar og proterosuchidar var dei einaste landdyra som dominerte under indusium. Andre dyr, som ammonittar, fiskar, insekt og tetrapodar (cynodontar, amfibiar, krypdyr) var sjeldne. Både havet og innsjøane i indusium var oksygenfattige.









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Indusium

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy